Politiet har ein tydeleg plan for korleis vi skal utvikle digitale løysingar framover. Vi har som mål at digitaliseringa skal skje raskt.
Kva skal politiet gjere?
Vi skal styre etter ein «Reguleringsplan for digitale løysingar». Denne planen omfattar informasjon, applikasjonar, teknologi og infrastruktur og sikkerheit.
Vi skal levere fleire IKT-funksjonar gjennom stadig utvikling av produkt. Tidlegare har dette blitt gjort gjennom prosjekt. Det skal det bli mindre av.
Vi skal utvikle meir sjølve. Det gjeld særleg innan område vi kan mykje om.
Vi skal bli flinkare til å velje leverandørar. Slik kan vi redusere behovet for investeringar og få betre kontroll på kostnadene.
Vi skal utnytte teknologiske nyskapingar på ein meir systematisk måte.
Vi skal vurdere sikkerheita ved kjøp av tenester etter "føre var"-prinsippa.
Vi skal revidere styringsmodellen for IKT i politiet.
Vi skal gjere nødvendige endringar innan kompetanse og organisering i IKT-funksjonen.