I Møre og Romsdal er tre fjellparti overvåka spesielt, fordi det er fare for at det kan gå fjellskred. Politiet har ansvaret for å definere evakueringssonene og iverksette evakuering og/eller redning knytta til desse. Politiet, med lokal redningssentral (LRS) må også mobilisere tilstrekkeleg kapasitet til å ta hand om politi- og redningsoppgåvene om eit fjellskred vert ein realitet.
ligg til grunn for samarbeidet politiet har med andre aktørar. Planen definerer rammene for beredskapen mot fjellskred og korleis beredskapen skal etablerast og driftast. Planen inneheld rutiner og planlagte tiltak for overvaking, varsling, evakuering og anna skadeavgrensning. Varsling
på Stranda har 24/7 overvåkning av objekta og set til ei kvar tid farenivået. Dette vert meldt til beredskapsaktørane. Ansvar på raud beredskapRaud beredskap vil normalt innebære at alle førehandsdefinerte evakueringssoner vert beordra evakuert. Ordren er det politimeisteren som gir.Politimeisteren sine avgjerder innanfor avvergande tiltak mot akutt fare for liv og helse har prioritet overfor eventuelt konkurrerande ressursbruk for å berge miljø og materielle verdiar. I redningssituasjonar har lokal same prioritet i sine avgjerder om ressursbruk.
Øvrige aktørar skal ved raud beredskap understøtte gjennomføringa til politiet og sikre at evakueringa vert oppretthalden. Fylkesmannen har eit særleg ansvar for å samordne tiltaka "bak" evakueringa.
Skjermdump frå i GisLink som viser faresoner og evakueringssoner for fjellskred i Møre og Romsdal.
Foto fra overvakinga på Åknes i 2015.Foto: Eli Anne Tvergrov (Politiet).