Organisering og leiing - Møre og Romsdal politidistrikt
Distriktet femner om eit område på 15 099 kvadratkilometer og har ei kystline på 7700 kilometer mot Norskehavet - med 266 274 innbyggarar fordelt på 26 kommunar. Politidistriktet har ansvaret for polititenesta i Møre og Romsdal fylke.
Møre og Romsdal politidistrikt har 560 tilsette.OrganiseringMøre og Romsdal politidistrikt er i ein omstillingsprosess og innførte sommaren 2017 delar av ein ny organisasjonsstruktur med med tre leiarstøttestabar og fem felles funksjonelle driftseiningar for hele det nye distriktet.Våren 2018 sette distriktet i verk ny lokal struktur som vart fastsett av Justisdepartementet sommaren 2017. Det inneber at talet på lensmannskontor er redusert frå 23 til 15, medan det framleis er tre politistasjonar i distriktet.Talet på geografiske driftseiningar er redusert frå seks til fire. Det er no to drifteiningar på Sunnmøre, ei i Romsdal og ei på Nordmøre.Leiing
Politimeister er Ingar Bøen. Bøen er jurist med lang erfaring som statsadvokat og leiar for påtaleeininga i Sunnmøre politidistikt.
Visepolitimeister er Ingmar Farstad. Farstad har brei politifagleg bakgrunn og har tidlegare vore både stasjonssjef i Ålesund og leiar for felles operativ eining i Sunnmøre politidistrikt.
StabseiningarStab for HR og HMS Stab for verksemdstyringStab for kommunikasjonFunksjonelle einingarFelles eining for operativ teneste Felles eining for påtale Felles eining for utlending, forvalting og sivil rettspleie Felles eining for etterretting, førebygging og etterforsking PSTGeografisk driftseiningarSøre SunnmøreNordre SunnmøreRomsdal