Hopp til hovedinnhold
ENV - TESTv1.22.2 - feature/myfeature
Logo
Politikontakter Møre og Romsdal
Publisert av Møre og Romsdal politidistrikt

Møre og Romsdal politidistikt sette den 15. juni 2017 i verk ordninga med politikontakter i alle kommunane. Det vart frå same dato utpeika politikontakter til alle dei 36 kommunane i distriktet.

Illustrasjonsbilde
Oppstilling av politikontakter 15. juni 2017Foto: Eli Anne Tvergrov - Politiet.
Politikontaktene vil få ei særleg oppgåve med å fylgje opp det førebyggande arbeidet i kommunene, med tanke på å skreddarsy tiltak for kvar av kommunane på dette viktige området. Politikontakter er ein av seks funksjonar som politiet prioriterer høgt i samband med reformarbeidet. Møre og Romsdal politidistrikt vil kontakte leiinga i kvar av kommunane for oppstartsmøte. Der vert forventingar avklara og planar vert lagt for samarbeidet framover. Trygge lokalsamfunn - Målet med politireforma er trygge lokalsamfunn – både i by og bygd. Politiet skal levere ei endå betre polititeneste til befolkninga, og kvaliteten skal vere like høg uansett kvar i landet folk bur, seier politimeister Ingar Bøen.  Bøen meiner at ein for å lukkast må vi ta vare på det politiet er gode til, og samtidig utvikle betre og meir effektive måtar å løyse oppgåver på. - Vi skal jobbe endå meir kunnskapsbasert og i større grad evne å vere i forkant av kriminaliteten. Samtidig skal vi bruke ressursane endå betre, seier han. Bakgrunn for reformarbeidet Bakgrunnen for reformarbeidet som no pågår i politi-Norge, er blant anna kritikken som politiet fekk etter 22. juli, som seinare enda opp i Politianalysen. Rapporten etter 22. juli konkluderte med at politiet hadde mykje å hente på kultur, haldningar og ikkje minst leiing. Reforma vart behandlet i Stortinget i juni 2015, og er fundert på et breitt politisk fleirtall. Nærpolitireforma handler om at politiet skal bli endå bedre på å skape tryggleik der folk bor. Norge har ein dedikert og kompetent politistyrke, som på fleire område er blant dei fremste i verda. For å møte dagens og morgondagens utfordringar er det likevel det nødvendig å vidareutvikle politiet, understrekar politimeisteren.
Frå 15. juni 2017 og ut året er fylgjande utpeika til mellombels politikontakter i Møre og Romsdal:
  1. Aukra: lensmann Odd Jørgen Nilsen
  2. Aure: lensmann Marit B. Gresset
  3. Averøy: lensmann Stig Lyngstad
  4. Eide: lensmann Jorunn Grete Lyngstad Pettersen
  5. Fræna: lensmann Olav Vestad
  6. Giske: lensmann Hans Eirik Pettersen og politibetjent Øyvind Vebenstad
  7. Gjemnes: lensmann Jorunn Grete Lyngstad Pettersen
  8. Halsa: lensmann Helge Berg
  9. Haram: lensmann Øyvind Verpeide
  10. Hareid: lensmann Leif Arne Mork og politioverbetjent Pål Inge Olsen
  11. Herøy: lensmann Hilde Sæther Aglen og politioverbetjent Pål Inge Olsen
  12. Kristiansund: politistasjonssjef Bjørn Fiske
  13. Molde: politistasjonssjef Per Karstein Røv
  14. Midsund: lensmann Odd Jørgen Nilsen
  15. Nesset: politibetjent Anne Vike
  16. Norddal: lensmann Jon Tommy Flo
  17. Rauma: lensmann Andreas Hustad
  18. Rindal: lensmann Olav Halse
  19. Sande: lensmann Hilde Sæther Aglen og politioverbetjent Pål Inge Olsen
  20. Sandøy: lensmann Odd Jørgen Nilsen
  21. Skodje: lensmann Øyvind Verpeide
  22. Smøla: lensmann Arnfinn Fuglevåg
  23. Stordal: lensmann Øyvind Verpeide og politiførstebetjent Øyvind Reiten
  24. Stranda: lensmann Jon Tommy Flo
  25. Sula: lensmann Kenneth Huse og politibetjent Øyvind Vebenstad
  26. Surnadal: lensmann Olav Halse
  27. Sunndal: lensmann Hallvard Vermøy
  28. Sykkylven: lensmann Evelyn Liseth
  29. Tingvoll: lensmann Olav Gjøvik
  30. Ulstein: lensmann Leif Arne Mork og politioverbetjent Pål Inge Olsen
  31. Vanylven: lensmann Tor Sæter og politioverbetjent Pål Inge Olsen
  32. Vestnes: lensmann Jan Magnar Sandvik
  33. Volda: lensmanns Guttorm Hagen og politioverbetjent Pål Inge Olsen
  34. Ørskog: lensmann Øyvind Verpeide
  35. Ørsta: lensmann Guttorm Hagen og politioverbetjent Pål Inge Olsen
  36. Ålesund: politistasjonssjef Oddbjørn Solheim og politioverbetjent Arild Helland
Meir om politikontaktene